Arbeid og velferd

Arbeid og velferd

Senterpartiets program for arbeidslivet, seniorpolitikk, alderspensjonistar og sosial rettferd.

Grunnlaget for eit godt velferdssystem er tryggleik for inntekt og eit velferdstilbod som fangar opp dei som ikkje har høve til å skaffe seg inntekt gjennom eige arbeid. Velferdspolitikken til Senterpartiet har som mål å støtte opp under innbyggjarane si evne til å styre eige liv og få høve til å utvikle eigne livsvegar.
Senterpartiet ønskjer eit velferdssystem som gjev likeverdige tenester til alle grupper i heile Noreg. Individuelle rettar skal sikrast gjennom eit lovverk som gjev tryggje rammer både for dei som mottek og dei som yter velferdstenestene. Ansvaret i kommunane for sosiale tenester gjev høve til at vedtak blir fatta nær dei vedtaket gjeld, og slik blir tilpassa behovet til den einskilde.
Trygdeytingar og sosiale ytingar skal utviklast gjennom ordningar der plikt til å yte etter evne blir følgt av rett til hjelp etter behov. Arbeidsliv og velferdstenester skal utfylle kvarandre som verkemiddel for å oppnå sosial og økonomisk utjamning. Framleis forenkling av lovverk og saksbehandling skal medverke til at dei med rettar og behov får tilgang til dei tiltaka som fungerer.