Energi og klima

Energi og klima

Senterpartiets program for klimapolitikken, fornybar energi, vasskrafta samt olje og gass.

Senterpartiet skal vere leiande i arbeidet med å føre Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. Viktige målsetjingar for politikkutforminga må vere å redusere energiforbruket og produsere meir rein energi, å erstatte fossil energi med fornybar energi og å bruke energien meir effektivt enn i dag.

Energiressursane i Noreg skal forvaltast på ein berekraftig måte. Olje- og gassressursane skal utvinnast, men på ein mest mogeleg klimavennleg måte. Vi ønskjer reduksjon i utvinningstempoet. Vi vil nytte dei store vasskraftressursane våre enda betre, og vi vil ha ein vesentleg auke i bruken av nye fornybare energikjelder. Vi vil vere pådrivarar for å utvikle teknologi for meir miljøvennleg energiproduksjon frå fornybare energiberarar.

Staten skal halde fram med å ta eigardelar på norsk sokkel. Vi vil framleis ha nasjonalt og lokal offentleg eigarskap til vasskraftressursane. Noreg skal halde fast på heimfallsretten. Fornybar energi skal vere Noreg sitt verkty i den globale klimadugnaden.