Forsvar

Forsvar

Senterpartiets program for forsvar, tryggleik og vernebuing.

Målet for forsvars-, tryggleiks- og vernebuingspolitikken til Senterpartiet er å hevde norsk suverenitet, tryggje folkestyret og medverke til å sikre internasjonal stabilitet. Hovudoppgåva til forsvaret skal vere å forsvare norsk territorium. Vi må ha ei totalvernebuing som kan sikre alle delar av norsk territorium.
Noreg skal ha eit nasjonalt og sjølvstendig forsvar med komponentar frå alle våpengreiner både på land, i luft og på sjø. Noreg skal framleis basere forsvars- og- tryggingspolitikken sin på Nato-medlemskap, aktivt arbeid i FN og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Noreg skal vere ein aktiv samarbeidspartnar i internasjonal krisehandtering.
Allmenn verneplikt skal vere fundamentet for det norske forsvaret. Noreg skal ha eit folkeforsvar, og ikkje eit verva forsvar. Alle delar av samfunnet skal kunne mobiliserast i krisesituasjonar.  Folkeleg forankring er viktig for forsvarsviljen og kvaliteten til dei militære styrkane våre.