Kultur

Kultur

Senterpartiets program for dugnadsånd, kultur, språk, media, bibliotek og film.

Kultur gjev livskraft til både menneske og samfunn. Kulturpolitikken skal gjenspegle at kultur har ein eigenverdi, ut over kulturen sine førebyggjande, bevarande og utviklande funksjonar. Senterpartiet vil setje av minst 1 prosent av statsbudsjettet til kulturformål.
Senterpartiet vil ta vare på og føre vidare kulturarven. Skapande menneske som formidlar og foredlar kunst og kultur skal støttast gjennom offentlege midlar. Både profesjonelle og amatørar er viktige for å få eit mangfaldig kulturliv. Kulturen er for alle og skal ikkje overlatast til marknaden aleine for å sikre kvalitet, nyskaping og mangfald.
Dei nasjonale kulturinstitusjonane skal fremje kunnskap og vere nasjonale formidlarar. Mangfaldet av lokale og regionale institusjonar skal sikre at alle har høve til å oppleve kultur i nærmiljøet sitt.