Miljøvern og naturforvaltning

Miljøvern og naturforvaltning

 

Senterpartiets progam for eit moderne naturvern, rovviltforvaltninga, friluftsliv og bioteknologi.

Framtida til menneska er avhengig av at naturen sitt samspel, produksjonsevne og mangfald blir oppretthalden. Samfunnet må forvalte ressursane til felles beste, i dag og på lang sikt. Ressursutnytting skal derfor vere framsynt og byggje på ei berekraftig forvalting av ressursane.
I dag skjer det globalt ei storstilt utarming av det biologiske mangfaldet. Utrydjing av dyre- og planteartar gjev uopprettelege skadar og set matvaretryggleiken i verda i fare. Eit samfunn som tek vare på og byggjer på det økologiske, kulturelle og menneskelege mangfaldet er best rusta til å møte denne utfordringa.