Prinsipp- og handlingsprogrammet

Prinsipp- og handlingsprogrammet

Her finn du heile Senterpartiets prinsipp- og handlingsprogram for 2009-2013.

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Senterpartiet sitt mål for det politiske arbeidet er å utvikle eit samfunn av frie sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for natur og miljø. Skal den einskilde kunne verkeleggjere draumane sine, må vi ha nærmiljø som er laga av og for enkeltmenneske og der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Samtidig må rettene til den einskilde sjåast i lys av rettane til andre. For stor fridom for nokon fører til mindre fridom for andre. Gode lokalmiljø i by og bygd er prega av samvirke, skaparevne og stor grad av jamstilling mellom ulike grupper.
Senterpartiet vil at Noreg skal byggje framtida på den kristne og humanistiske kulturarven. Partiet sitt menneskesyn har utspring i det kristne verdigrunnlaget og humanistiske verdiar i pakt med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverdet er overordna alle andre verdiar. Senterpartiet ser heim og familie som ei grunnleggjande sosial eining og vil sikre ekteskapet si stilling i samfunnet.
Ideologien til Senterpartiet byggjer på ideane om ansvar, fellesskap og ei langsiktig og berekraftig forvalting av naturen og miljøet. Eit levande folkestyre og desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetjing er grunnleggjande element i Senterpartiet sin politikk.