Samferdsel

Samferdsel

Senterpartiets program for veg, jernbane, kollektivtrafikk, luftfart, sjøfart og trafikktryggleik.

Senterpartiet vil bruke samferdslepolitikken til å byggje opp under velferd, arbeidsplassar i heile landet og ein betre miljø- og klimapolitikk.
Senterpartiet vil bruke samferdsel som middel til å dempe sentraliseringa, redusere avstandskostnader, byggje gode bu- og arbeidsregionar og sikre berekraftig vekst. Nullvisjonen om ingen drap eller skadde i trafikken må liggje fast.
Fellesskapet skal ha hovudansvaret for å byggje ut, finansiere og vedlikehalde eit godt utbygd infrastrukturnett. Investering i infrastruktur er ei investering i framtida og treng betre og endra finansiering.
Veg og jernbane må rustast opp og gje eit godt tilbod landet over for å sikre busetjing, miljø og eit aktivt næringsliv.  Breiband, post og telefontenester må vere sjølvsagte likeverdige tilbod overalt i landet. Ein spreidd og god lufthamn- og hamnestruktur ligg til grunn for å kunne vidareutvikle næring og velferd i heile landet.